Bergens Tidende 11.juni 2020

Hareide droppar tildekkingsplanen

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) vil ikkje dekke til kvikksølvet utanfor Fedje nå, og opprettar eit nytt ekspertutval.

– Det blir ikkje tildekkings­arbeid ved ubåten utanfor Fedje i 2020, og heller ikkje i 2021, seier Hareide.

Han er kanskje den politi­karen som har arbeidd mest med spørsmålet om kva som skal skje med den tyske ubåten «U-864». Han leia transportkomiteen då dei gjennomførte høyringar om kvikksølvet i 2010, og var sentral i å få utsett tildekkingsplanane til Solberg-regjeringa hausten 2018. Alternativet har vore heving av vraket og kvikksølvet, eventuelt berre kvikksølvet.

– Friske auge

Nå har samferdselsministeren bestemt seg for setje ein strek over den gjeldande planen, som er å legge ei stor fylling av sand og stein over ubåtvraket og dei 67 tonna med kvikksølv. Pengar er alt løyvd.

Dermed er det framleis mogleg at saka ender med heving.

– Vi vil setje ned eit uavhengig, tverrfagleg ekspertutval, som skal sjå på denne saka med friske auge. Dei skal vurdere kva som er dei beste alternativa, og kome med eit råd om kva som skal gjerast, seier Hareide.

På Fedje vart nyheita om ekspertutvalet mottatt med stor glede.

– Åh! Det var godt altså! seier ordførar Stian Herøy (H) når han får høyre at det ikkje blir tildekking dei neste to åra.

Han har i mange år kjempa for heving, og mot Kystverkets konklusjonar. Sist han såg etter, var det produsert over 30.000 sider med utgreiingar og rapportar.

– Nå blir det viktig kven som kjem inn i utvalet. Både ekspertar på subsea og ekspertar på risikovurderingar, gjerne frå UiB-miljøet, må inn, seier ordføraren.

Feiringa ventar han med. I 2009 var det fest, etter at Stoltenberg-regjeringa gjekk inn for heving – ei avgjerd dei seinare gjekk attende på.

– Eg feirar ingenting før eg ser båten som fjernar kvikksølvet, seier ordføraren.

Første uavhengige utval

Erna Solbergs regjering gjekk hausten 2018 inn for å byrje med tildekking. Men fleirtalet på Stortinget hadde fleire spørsmål, som Kystverket måtte svare på først. Det gjorde dei i fjor haust, og sidan har lite skjedd.

Hareide grunngir avgjerda om eit utval med at saka er stor og viktig.

– Vi ønskjer å ta den rette og beste avgjerda. Det er også viktig at avgjerda får legi­timitet. Difor hentar vi inn folk frå ulike faglege miljø. Dei blir heilt uavhengige av både regjeringa og underliggande etatar som har arbeidd med denne saka tidlegare, seier Hareide.

Det er enno ikkje bestemt kven som skal sitje i utvalet. Dei får frist til 1. november 2021 med å kome med sine konklusjonar.

– Du er ikkje redd for nok ei utsetjing? Det er ein fare for at kvikksølvflaskene rustar sund?

– Det hastar, og difor er også dette ei av dei sakene eg tok tak i først då eg vart statsråd i vinter. Men vi må vere heilt sikre på at vi tek rett avgjerd. Vi har tid til å ta dette ekstra året for å vere sikre, seier statsråden.

Utvalet skal særleg sjå på tre spørsmål:

Finst det ny informasjon om miljørisikoen ved dei ulike alternativa, målt opp mot tidlegare utgreiingar frå Kystverket?

Kan heving gjerast med lågare risiko enn Kystverket har meint?

Er Kystverkets tilrådingar om miljøtiltaka for kvikk­sølvet gode nok?

Hareide går langt i å seie at utvalets konklusjonar i praksis vil avgjere saka.

– Når vi nå set våre beste fagfolk på dette, meiner eg det vil vere naturleg for oss politikarar å følgje dei tilrådingane dei gir. Det kviler eit stort ansvar på dei som skal gjere dette arbeidet, seier Hareide.

U-864
Fakta

Tysk ubåt, torpedert av den britiske ubåten HMS «Venturer» 9. februar 1945.

Alle dei 73 om bord omkom.

U-864 var på veg frå Tyskland via Noreg til Japan med teknisk personell og krigsmateriell, blant anna cirka 67 tonn flytande kvikksølv, lagra på stålflasker.

Vraket av «U-864» vart funne 2003.