Vi venter spent på regjerningens avgjørelse i budsjettforhandlingene til høsten.—For de som har tilgang til National Geographic sender de et program om U-864 tirsdag 2.oktober 2018 kl.22.00

– Statsråden har vist total mangel på kvikksølv-kunnskap

Statsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp) påsto at utslepp av ein halv kilo kvikksølv utanfor Fedje vil utløyse «eit opprør». – Total kunnskapsløyse, seier ein av landets fremste kvikksølvekspertar, Einar Sletten ved Universitetet i Bergen

  1. sep. 2018 06:14, oppdatert 07:55

13

I juni lova dåverande statsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp) at regjeringa i haust vil avgjere kva som skal skje med det tyske ubåt-vraket utanfor Fedje. Det skjedde under eit folkemøte på øya, i regi av Kystverket.

Lokalt har heving av dei 67 tonna med kvikksølv vore eit folkekrav, heilt sidan vraket vart lokalisert i 2003, fire kilometer vest for øya.

Statsråden lovar kvikksølv-løysing i år

Statsråden la i møtet stor vekt på at det er risiko knytt til å hente opp ubåtlasta.

– Eg er ganske sikker på at det kjem til å bli opprør på denne øya den dagen eit halv kilo kvikksølv forsvinn under ein hevingsoperasjon, sa Solvik-Olsen.

USAMD: – Sletten må meine det han vil om kunnskapsløyse hos folk han aldri har samtala med, seier avgått statsråd Ketil Solvik-Olsen (i midten) – her fotografert på folkemøtet på Fedje i juni.

ODD MEHUS (arkiv)

– Kan miste 100 kilo utan problem

Den påstanden har fått pensjonert kjemiprofessor Einar Sletten ved Universitetet i Bergen til å skrive brev til statsråden.

– Det han sa vitnar om alvorleg kunnskapsløyse, seier Sletten, som har sett opptak av folkemøtet i juni.

Sletten meiner kvikksølvet må opp, og at heile ubåt-saka kom skeivt ut frå første stund. Grunnen er etter hans syn at dei som engasjerte seg – miljørørsla inkludert – ikkje har hatt dei nødvendige kjemikunnskapane.

– For det første: Metallisk kvikksølv, som vi snakkar om her, er like edelt som vanleg sølv. Det finst naturleg i jordskorpa, og i sjøen. I seg sjølv er stoffet ikkje farleg, seier Sletten.

BT20: Slik førte ein hemmeleg naziplan til ein av dei største miljøfarane på Vestlandet

I eit brev til statsråden viser han til at det naturlege kvikksølvinnhaldet i den 30 kilometer lange Fensfjorden er mellom 60 og 180 kilo.

– Eit utslepp av ein halv kilo under heving, som statsråden snakkar om, vil ikkje bety noko som helst. Dei kan miste 100 kilo utan at det er eit stort problem, seier Sletten, som har forska på kvikksølv i mange år.

ENDTE HER: U-864 var på veg til Japan då han vart torpedert av den britiske ubåten HMS «Venturer» 9. februar 1945. Vraket ligg på 150 ,meters djup, to nautiske mil vest for Fedje.

KYSTVERKET

Dannar dødeleg nervegift

Problemet med Fedje-ubåten er ifølgje Sletten at det er snakk om så store mengder kvikksølv på havbotnen: Truleg 67 tonn.

Dette utgjer eit enormt giftproblem, fordi:

  • Kvikksølvflaskene vil etter kvart ruste sund og innhaldet lekke ut
  • Kvikksølvet reagerer med sjøvatnet og dannar kvikksølvklorid
  • Gjennom såkalla metylering oppstår metylkvikksølv – ei dødeleg nervegift som blir tatt opp i sjømat og fisk

Få ubåten opp fra havbunnen

3400 år utan lekkasje

Etter mange års arbeid og mange tusen sider med rapportar, har Kystverket tilrådd å dekkje til 47.000 kvadratmeter havbotn utanfor Fedje. Eit 1 til 3 meter tjukt lag med sand og grus skal hindre at kvikksølvet lekk ut og metylerer.

Dei meiner heving både er meir risikabelt og eit miljøfagleg dårlegare alternativ.

Men Einar Sletten, som i mange år har forska på kvikksølv ved Kjemisk institutt ved UiB, meiner konklusjonane byggjer på feilaktige premissar.

Kystverket legg til grunn at det vil gå 3400 år utan kvikksølvutslepp ved tildekking. Deretter vil det lekke svært små mengder, berre ca. 0,3 gram i året, meiner dei.

– Dette reknestykket tek ikkje høgde for at er sterk straum på havbotnen, og heller ikkje at metyleringsprosessen går mykje raskare i saltvatn enn i ferskvatn. Modellen dei har brukt er ikkje god nok, seier Sletten.

Fakta: U-864

– Lekk ut før eller seinare

Ifølgje Sletten er det heilt sikkert at kvikksølvet før eller seinare vil lekke ut, dersom det ikkje blir henta opp.

– Kor mange år dette vil ta, veit vi ikkje. Men sjøvatnet vil trenge ned gjennom fyllinga som blir lagt over, og kvikksølvet vil etter kvart sive ut. Før eller sidan hamnar det i sjøen, seier den pensjonerte kjemiprofessoren.

Prosjektleiar Hans Petter Mortensholm i Kystverket gir Sletten rett i at 0,5 kilo kvikksølv på avvegar ikkje vil vere ein miljøkatastrofe.

– Men det vi fryktar ved ei heving, er at mykje større mengder kvikksølv skal lekke ut. Det ligg jo mange tonn der. Dersom vi misser større mengder kvikksølv nær havoverflata, vil eit stort område kunne bli alvorleg forureina, seier Mortensholm.

TOMT: Kystverket har henta opp fleire tomme kvikksølvflasker frå havbotnen utanfor Fedje. Professor emeritus Einar Sletten meiner det er heilt sikkert at alle dei 67 tonna med miljøgift før eller seinare vil hamne i sjøen, dersom regjeringa vel å dekkje over vraket.

Jan Helge Romarheim, Franzefoss Gjenvinning

Trur ikkje dei kan få opp alt

Kystverket meiner også at det er urealistisk å tru at meir enn 20–40 prosent av kvikksølvet lar seg heve. I så fall blir så mykje kvikksølv liggjande igjen på havbotnen at miljøgevinsten av hevinga blir minimal, ifølgje Kystverkets rapportar.

Også dette stiller Sletten seg sterkt kritisk til. Han meiner det er lagt fram dokumentasjon som viser at alt kvikksølvet kan hentast opp, om det blir gjort på rett måte.

Ketil Solvik-Olsen lova på Fedje å få avgjort saka i løpet av hausten, i samband med statsbudsjettet i oktober.

Den avgåtte statsråden svarar i ein SMS at Sletten må få meine det han vil om kunnskapsløyse hos folk han aldri har snakka med.

– Heile poenget er å hindre kvikksølvet frå å spreie seg. Da må risikoen ved å dekkje til vurderast opp mot risikoen ved å flytte kvikksølvhaldige massar. Eg ville valt den løysinga med minst risiko for miljøet. Eg håper Sletten er einig, skriv Solvik-Olsen.

Etter Solvik-Olsens avgang er Jon Georg Dale (Frp) ansvarleg statsråd for saka. Statssekretær Brage Baklien skriv følgjande i ein e-post:

– Kystverket har gitt ei klar fagleg anbefaling om miljøtiltak basert på arbeid over mange år, der fagmiljø er trekt inn. Vi tar med oss innspel, og jobbar vidare med saka på bakgrunn av dette.