Ingeniørfirmaet Ingenium AS leverte i 2010 eit opplegg til Kystverket der dei slår fast at det er mogeleg å ta opp intakte kvikksølvflasker frå vraket og at alt arbeid er definert som standard subsea konstruksjonsarbeid basert på velkjend teknologi. Er det prestisjeomsyn som står i vegen for eit slikt opplegg?

https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/9R0ww/Miljobomba-ligg-framleis-pa-botnen

«Miljøbomba» ligg framleis på botnen

Kva skjer med ubåten ved Fedje etter stortingsvalet?

Einar Sletten Professor emeritus, Kjemisk institutt, UiB

14. okt. 2017 09:00, oppdatert 13. okt. 2017 13:01

Kilde: BT

Fleire gonger har flagget gått til topps på Fedje etter vedtak i Stortinget om å ta opp ubåten – men folket blei lurt kvar gong. Avgjerdsvegring i regjeringa Stoltenberg enda opp med å løyve millionar av kroner kroner for å ta nye sedimentprøvar (heilt bortkasta pengar!). I førre Stortingsval lovde den borgarlege fløya at kvikksølvet skulle opp så snart dei kom i regjering, men etter fire år ligg «miljøbomba» framleis på botnen. No har regjeringa berre ein ullen formulering om å finne «ei miljøvenleg løysing».

Ubåten er ikkje ei intern Fedje-sak

Ingeniørfirmaet Ingenium AS leverte i 2010 eit opplegg til Kystverket der dei slår fast at det er mogeleg å ta opp intakte kvikksølvflasker frå vraket og at alt arbeid er definert som standard subsea konstruksjonsarbeid basert på velkjend teknologi. Er det prestisjeomsyn som står i vegen for eit slikt opplegg?

Stortinget har gong på gong blitt overkøyrd av byråkratane i Kystverket. Korleis kan slikt skje? Eit system for vurdering av kvalitetssikring av konseptval (KS1) samt kostnadsoverslag (KS2) blei innført i 2000. Her står embetsverket fritt til å velje «høvelege» konsulentar som får i oppgåve å finne gode argument for vårt eige forslag, samt ulemper med andre alternativ.

KS-systemet har ført til at fagekspertise blir sett på sidelinja. Konsulentbruken i ubåtsaka har til no kosta samfunnet langt over 100 millionar. Kanskje ei sak for kontrollkomiteen?

Det er enno ikkje for seint for regjeringa å oppfylle lovnad frå valet i 2014. Det første som må skje, er at det blir lyst ut anbod for heving av det meste av lasta. Deretter kan ein vurdere omfanget av reinsing av havbotnen.