Heving eller tildekking? Her følger artikkel fra BT 2.april 2019.
U-864 n Den tyske ubåten U-864 blei senka av den britiske ubåten HMS «Venturer» 9. februar 1945. Alle om bord omkom. n U-864 var på veg frå Tyskland via Noreg til Japan med personell med teknisk spesialkompetanse og materiell til japansk krigsindustri. n Det skal ha vore anslagsvis 67 tonn med metallisk kvikksølv i 1857 stålbehaldarar i ubåtens kjølkasse.
foto Geir Martin Strande
I ein fersk rapport diskuterer konsulentselskapet Rambøll både heving og tildekking av vraket og den miljøskadelege kvikksølvlasta, men utan å ta definitiv stilling til det eine framfor det andre.
Konklusjonen til Kystverket er likevel den same som han har vore: At det beste er å dekkja til vraket og lasta.
«Gitt en vellykket gjennomføring vil begge alternativene oppfylle fastsatt samfunnsmål og effektmål for et miljøtiltak for kvikksølvforurensingen. Siden tildekking fortsatt vurderes som mindre komplekst med størst sannsynlighet for en vellykket gjennomføring, rangerer fortsatt Kystverket tildekking som det beste miljøtiltaket».
Det skriv Kystverket i sin konklusjon.
– Frå Kystverket si side har det for lenge sidan gått prestisje i saka, seier kritikarane.
For Fedje-ordføraren var måndag 1. april ikkje den verste han har hatt.
Vel er han rykande ueinig i den to sider lange konklusjonen til Kystverket. Han fann likevel ting å gle seg over i den drygt femti sider lange rapporten som konsulentselskapet har utarbeidd.
– Eg synest ikkje det på alle punkt er samsvar mellom rapport og konklusjon. Her er det viktig at både statsråd og storting les rapporten og ikkje berre Kystverkets konklusjon, seier Herøy.
Høgre-ordføraren frå øykommunen meiner han har gehør hjå sine eigne i regjeringsapparatet. Han innser likevel at det nok skal litt til for at dei folkevalde velgjer å gå imot si eiga forvaltning.
– For kven er det då som får skulda om noko går galt?
Både Herøy og støttespelarane hans meiner at Rambøll har hatt altfor lita tid på den nye rapporten.
– Fem veker på eit så komplekst problem er uhaldbart, seier eit fagtungt eksperutval i krinsen rundt Fedje-ordføraren.
Også dei les likevel rapporten som ei positiv tilnærming til hevingsalternativet.
– Det er såpass rørsle i stillinga at det no går an å diskutera dei to alternativa meir likeverdig, seier Anders Goksøyr, professor i miljøtoksikologi ved Universitetet i Bergen.
Goksøyr og utvalet meiner at noko anna enn heving vil vera uansvarleg.
Like sidan U-864 vart oppdaga utanfor Fedje i 2003 har det vore krangla om kva som skal skje med vraket og den miljøfarlege lasta med kvikksøl. Tildekking eller heving?
Innstillingane, rapportane og utgreiingane har vore talrike og kostnadskrevjande. Hundretals millionar er blitt brukt, men vraket og lasta er blitt liggjande i ro på 150 meters djupn om lag fire kilometer beint vest for Fedje.
– Den korte tida som er blitt brukt på den nye rapporten, vitnar om mangel på respekt for kompleksiteten i problemstillinga og for betydninga saka har for Noreg som sjømatnasjon, miljønasjon, turistnasjon og for folkehelsa, seier Goksøyr.
Professoren peikar likevel på moment i rapporten som han meiner opnar for hevingsalternativet.
– Rambøll-rapporten kjem med klar kritikk av tidlegare risikovurderingar. Han peikar også på at hevingsalternativet har mykje lågare miljørisiko enn det som tidlegare er blitt hevda. Dermed framstår hevings- og tildekkingsalternativet som meir likeverdige når det gjeld miljørisiko enn tidlegare utgreiingar har lagt til grunn, seier Goksøyr.
Rapporten er ifølgje Goksøyr tydeleg på at tildekkingsalternativet ikkje er ferdig utgreidd og modellert, og også at tildekking vil krevja vedlikehald for å oppretthalda dei ideelle tilhøva som risikovurderinga byggjer på.
– Miljørisko ved verstefalls-scenario er enno ikke vurdert. Kva vil skje ved jordskjelv, eksplosjon, erosjon eller annan skade på tildekking som ikke blir reparert? Kven kan garantera for overvåking og vedlikehald i all framtid? Kva blir kostnadane ved det? spør professoren.
– Dette er risikofaktorar som ytterlegare tilseier at hevingsalternativet er det beste. Rambøll-rapporten seier at dette er mogleg med akseptabel miljørisiko, seier Anders Goksøyr.
Rapporten er no levert til Samferdsledepartementet, som skal stå for den vidare handsaminga.
Det er såpass rørsle i stillinga at det no går an å diskutera dei to alternativa meir likeverdig.Anders Goksøyr, professor i miljø- toksikologi ved Universitetet i Bergen