Fra avisen Norhordland.no 2-januar 2026
Haugesunds-firma skal gjera dei siste undersøkingane på Kvikksølv-ubåten
Det er Haugesunds-firmaet Reach Subsea som skal gjera dei siste og avgjerande undersøkingane på ubåtvraket ved Fedje. Rapporten dei skriv, vil vera svært avgjerande når styresmaktene til slutt skal bestemma kva som skal skje med vraket og ei store mengdene kvikksølv som ligg ligg i ubåten.
For abonnentar
– Arbeidet ved vraket skal utførast i løpet av årets tre første månader, og me reknar med at sjølve undersøkinga av U-864 vil ta omlag to veker.
Det seier Inge Grutle til Avisa Nordhordland. Han er COO i Reach Subsea, Chief Operating Officer eller driftsdirektør.
– Me kjenner U-864 svært godt etter å ha vore involvert i undersøkingar sidan 2015. Og det oppdraget me no skal i gang med er sjølvsagt svært interessant og spanande for selskapet vårt, seier Grutle.
Som dei fleste veit, ligg vraket av den tyske ubåten U-864 på havbotnen like vest for Fedje. Om bord er det mange titals tonn kvikksølv, som var lasta i metallbehaldarar då ubåten vart senka heilt på slutten av 2. verdskrigen.
Internasjonale firma
Reach Subsea er mellom verdas leiande firma innan undervassteknologi, etablert i 2008. Hovudkontoret er i Haugesund, med underkontor fleire stader i Noreg, i fleire europeiske land, i Asia, Australia og i Amerika. Over 500 tilsette jobbar med til dels svært avansert arbeid undersjøisk.
Firmaet RenOcean med base i Kristiansund skal vera underleverandør til Reach Subsea på Fedje-oppdraget.
– Dette er eit frima me kjenner godt, og som me har samarbeidd med i mange prosjekt. Dei er ekspertar på undersøking av havbotn og til dømes flytting av stein, grus og sand på havbotn, seier Inge Grutle i Reach Subsea.
Også konsulentselskapet Sweco er med på laget som underleverandør. Eit svenskeigd selskap med fleire avdelingar i Noreg, rekna som eit av Europas leiande ingeniør- og rådgjevingsselskap.
Få opp kvikksølvet
Føremålet med undersøkinga som startar, er å testa metodar og utstyr som kan gje tilgang til kjølseksjonen på ubåt-vraket. Det er i denne delen av vraket kvikksølv-behaldarane etter alt å døma er å finna. Og føremålet er å testa metodar til å finna og så kunna fjerna kvikksølvbehaldarane på ein sikker og effektiv måte.
Undersøkingane skal og gje meir kunnskap om tilstanden til behaldarane. Til dømes om dei er angripne av rust eller skadde på annan måte.
Undersøkinga skjer på grunnlag av eit oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet der Kystverket er bede om å kartleggja vraket og området rundt. Målet er å redusera usikkerheit rundt ei eventuuell heving av delar av kvikksølvlasta.
Sterke krefter arbeider for heving også av sjølve vraket, men dette er ikkje del av den undersøkinga som no skal gjennomførast.
Erfaring og teknologi
– Etter å ha gjennomført undersøkingar rundt vraket sist sommar, er det no svært interessant for oss å gå vidare med å testa teknologi og metodar for å kunna ta ut lasta frå vraket.
– Me har den teknologien som me meiner er nødvendig, og byggjer på erfaring og kjente arbeidsmåtar. Dette er eit svært interessant oppdrag, seier Inge Grutle, driftsdirektør i Reach Subsea.
I løpet av dei neste tre månadane vil undersøkingane ved Fedje vera gjennomført.
